S og F Sparebank




jubileumsprodukt-web
August 2010 September 2010 Oktober 2010
Ma Ti On To Fr
1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29 30
facebook
Vakker jubileumsgåve til byen
Over 400 hadde møtt fram ved Litjevatnet då Jomentum endeleg kunne overlevere si jubileumsgåve til byen; Den nye musikkpaviljongen. Det var ein stolt kordirigent, Siv Førde, som kunne overlvere paviljongen til ordføraren Bente Frøyen Steindal og til heile byens befolkning. Det har blitt eit flott anlegg, eit smykke ved vatnet, som vonlegvis vil bli mykje brukt. Arkitekt og prosjektleiar har vore Torstein Kvenaas, som m.a. trakterte fløytene på opningsfesten.
Les meir
 
Dette blei ein folkefest - igjen!

Dronning Sonja kjemH.M.Dronning Sonja sitt besøk i Florø blei den folkefesten dei største optimistar kunne håpe på, med god hjelp av vergudane.

Mellom 2 og 3000 menneske fylte opp torget til festen der, og elles hadde Sonja eit tettpakka program der ho møtte gamle og unge, kystkulturen og oljenæringa. Sjå hundrevis av bilde på Firdaposten, Floranett og Nrk-Sogn og Fjordane!
Sjå linkar nedanfor:

Les meir
 
Fjordsteam blei ein kjempesuksess
www.ds-stavenes.noDet blei tidenes veteranbåtsamling i Florø under Fjordsteam 5.-8.august, og ein folkefest for tusenvis av menneske. Over 40 båtar fylte hamna, det doble av det arrangørane våga å håpe på i starten. I tillegg sette 200 veteranbilar, bussar og brannbilar sitt preg på byen. Det var eit yrande folkeliv i strålande ver, flott stemning på torgdagen og publikum "slåst" for å bli med veteranbåtane på turar denne helga. Eit nytt flott jubileumsarrangement. 
Les meir