S og F Sparebank


jubileumsprodukt-web
August 2010 September 2010 Oktober 2010
Ma Ti On To Fr
1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29 30
facebook
Kvifor heiter byen Florø?
”Flora er eitt av dei mange, vakre og gamle namna frå naturnavigasjonen si tid, då sjøfarande såg og søkte, leita og lukta seg fram den lange kysten vår – den som òg har gitt namn til landet: Nordvegen.  Florø har ingen ting med ø/øy å gjere, men er namnet på ei landskapsform.

Flora er eit indo-germansk namn som tyder flatt og jamt. Rot-ordet ”flor” finn vi att i mange samanhengar. Flatlagd tømmer i ei skipslast blir talt i florer, kvart lag er ei flor. På ishavet skil ein mellom is-flore (flat, jamn is) og skru-is. Vi kjenner også uttrykket flolagt / å floleggje (å leggje flatt på bakken). Vi finn ”flor” både i angelsaksisk og germansk, overalt med tydinga grunn, flate, botn, mark, åkerteig, jord, eng. Vi kan difor gå temmeleg sikkert ut frå at det terrenglokaliserande stadnamnet er det første, og at det etter kvart er blitt namnet på garden".

Harald J. Stavang skriv dette i ”Flora. Kulturhistorsik vegvisar” (Selja 1999). Han viser til ei utgreiing av språkprofessor  Gustav Indrebø i ein oppheta namnedebatt i 30 åra, som seier at byen Florø er bygt på garden Flora sin grunn, og at bynamnet og gardsnamnet inneheld det same ordet. Han meinte at bynamnet Florø er ein rein konstruksjon frå embetstida og dansketida, og hadde ikkje noko med øy å gjere, slik at framlegget om å forandre bynamnet til ”Florøy” var ei rein misforståing.

Bjørn Faste Bjarmann skriv i ”Flora-minne” 2006 at ”Flora” er eigentleg akkusativforma av ”Flore” (som i Flore-landet”) som igjen tyder ”flate”, og det er bokstaven e som etter kvart gjekk over til å bli ø. Dette har altså ingenting med dansk ”ø” å gjere og dermed heller ikkje ”øy”. Eldre folk seier at dei er ut på ”Florene”, og det er då dativforma av den same Flore. Det var svært vanleg i eldre tid at orda forandra seg i akussativ og særleg i dativ, og er brukt av eldre folk den dag i dag.

Men Florø vart byen kalla og det var òg det gardsnamna heitte i dei offisielle dokumenta rundt 1860. Det har gjeve utgangspunktet for mange gode stridar opp gjennom åra, sist då storkommunen vart døypt Flora i 1963. Bykommunen heiter altså Flora, bysentrum heiter Florø.