|
Då byen vart oppretta, budde det ikkje mykje folk i Florø. Kanskje rundt 50 personar med smått og stort. I 1965 var talet kome opp i 365 personar, ein ganske stor auke. Så gjekk det i rykk og napp, folketalet var om lag dobla i 1890 med 669 innbyggarar og passerte då Lærdal som største tettstaden i fylket!
Folketalet auka først og fremst gjennom folketilflytting, og folk kom frå alle kantar. Flest kom frå Kinn, sjølvsagt, men òg frå Sunnfjordkomunane elles, og ein god del frå Hordaland og ikkje minst Bergen.
I Florø Historielag sitt årsskrift ”Flora-minne” i 2006 har Anders Moen ein artikkel med oversyn over alle dei 365 personane som budde i Florø i 1865, med slekt og kor dei kom frå. For alle slekts- og historieinteresserte er dette svært interessant, og heftet kan skaffast frå historielaget eller på bokhandelen.
Anders Moen har laga denne oversikta over kor Florø-folk hadde komme frå i 1865. Det som vart Florø, var jo før ein del av Kinn, slik at alle dei første Florø-folka er førde opp mellom dei 140 frå Kinn.

|