S og F Sparebank


jubileumsprodukt-web
August 2010 September 2010 Oktober 2010
Ma Ti On To Fr
1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29 30
facebook
Fjordsteam blei ein kjempesuksess
www.ds-stavenes.noDet blei tidenes veteranbåtsamling i Florø under Fjordsteam 5.-8.august, og ein folkefest for tusenvis av menneske. Over 40 båtar fylte hamna, det doble av det arrangørane våga å håpe på i starten. I tillegg sette 200 veteranbilar, bussar og brannbilar sitt preg på byen. Det var eit yrande folkeliv i strålande ver, flott stemning på torgdagen og publikum "slåst" for å bli med veteranbåtane på turar denne helga. Eit nytt flott jubileumsarrangement. 

Ved å gå inn på heimesida til Fjordsteam - www.fjordsteam.no vil ein finne program og liste over båtar og anna informasjon.

Børøysund kom heilt frå Oslo, og elles var dei med dei fleste langs kysten. Det var spesielt kjekt å sjå Stavenes på plass for første gong på mange år. Det var Veteranskipslaget Stavenes som saman med Atløy som var hovudarrangørar av Fjordsteam, med god økonomiske støtte m.a. frå Florø150.

Les reportasjar og sjå billedseriarpå www.firdaposten.no og www.firda.no

 

Stavenes 1960 - www.ds-stavenes.no/