S og F Sparebank


jubileumsprodukt-web
August 2010 September 2010 Oktober 2010
Ma Ti On To Fr
1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29 30
facebook
Ungane feira Florø by

Onsdag 9. juni var det barneskulane sin tur til å feire 150-årsdagen til Florø by. Over 1300 barn var med på festen i Florø Idretssenter. Avisene Firda og Firdaposten har laga flotte oppslag om den store bursdagsfesten. Sjå Firdaposten sin reportasje og store bildesereie. Firda har og flott reportasje og bildeserie. NRK Sogn og Fjordane var òg tilstades og sende direkte frå feiringa med tre innslag. Mellom anna med Balders Belsvik sin "Florø by" som alle ungane song av full hals, og bandet "Folkeskulen". Høyr innslaga her:

Om festen:
Balder Belsvik:
Bandet "Folkeskulen":

Høyr "Florø by" av Balder Belsvik.

Utanom den store konserten som avslutta festen, var det tre stasjonar som elevane veksla mellom:

  • I handballhallen var det utstillingar frå nokre av skulane og filmen som Brandsøy skule har laga til jubileet.
  • Ute på bana var det aktivietsmarknad, der elevane fekk prøve seg i mange aktivietetar.
  • Inne i fotballhallen øvde ungane seg på allsongane dei skulle synge under konserten.

Til lunsjpausen hadde Eikefjord skule bakt 1400 pizzaboallar medan Olden sponsa drikkevatntet. Ein strålande fest for ein stor og strålande barneflokk!


Barnefesten - Frå artikkel i Firdaposten
Foto henta frå reportasje i Firdaposten