|
Jubileumskonsertane og jubileumsoppsettingane er i full gang. Torvmyrane si oppsetting av "Fame" vart ei stor oppleving, og Jomentum sin musikal om livet rundt paviljongen hausta stor jubel. det same gjorde SOFORK sin symfonikonsert med Eirik Husabø sitt nyskrivne verk. Håvard Lothe Band fekk for første gong spele i lag med eit symfoniorkester. Begge fekk varm mottaking. Elles er det ei lang rekke konsertar, revyar, musikalar og dans. Sist påmelde er Rune Larsen og Helge Nilsen som kjem i pinshelga.
Det er knytt store forventningar til konserten som Sogn og Fjordane Symfoniorkester (SOFORK) skal setje opp i Florø 6. og 7. mars. SOFORK si hovudsatsing i år får sterkt Florapreg. "Poem 150" er Husabø sin debut som komponist for symfoniorkester, og dette er første satsen frå dette verket som blir framført i mars. Håpet er at det skal bli mogeleg å få presentert heile verket seinare. Lothe har ofte fiolinar med i sine innspelingar, no får han altså for første gong med seg eit heilt symfoniorkester i tillegg til sitt eige band. Elles er fleire av musikarane i orkesteret frå Florø, m.a. ei gruppe unge frå kulturskulen, som skal danne eit eige juniororkester på scena i lag med kulturskuleelevar frå andre delar av fylket. Musikken går frå 1860 med Grieg sin A-mollkonsert fram til i dag med Husabø og Lothe. Dette blir ein festkonsert.
Konsertsesongen er så vidt starta. Vi listar opp nokre av hendingane ut over våren og forsommaren:
26. februar: Nordic Tenors: Live at Florø 6. -7. mars: Sogn og Fjordane Symfoniorkester med Eirik Husabø og Håvard Lothe Band og unge solistar 13. mars: Premiere på Florarevyen "Med dunder og brak" - med stort orkester og masse musikk. 15. april: Tysdagsgjengens jubileumsmusikal. Garanter humørfylt møte med gjengen på Miljøhuset. 30. april: Ungdomsskulens jubileumsmusikal. Nyskriven, frisk og fartsfylt. 8. mai: Bergens Filharmoniske Orkester til Florø til første gong med flott konsert direkte frå Europa-turne. 14. mai: Storm Weather Shanty Choir spelar opp på torget i samband med seglskutefesten. Gratiskonsert. 15. mai: Orkester med utflytte Florø-musikarar med Terje Kjørlaug og Ole Staveteig i spissen spelar opp på torget etter Torgdagen. 15. mai: Russekonsert på torget med Kobojsarana og Yoga Fire 15. mai: Vassendgutane spelar opp til dans i idrettshallen 16. mai: Åge og Sambandet frå scene i sentrum. 16. mai: Ungdomskonsert på torget 16. mai: Knut Ingvars spelar opp til dans i samfunnshuset 22. mai: Rune Larsen og Helge Nilsen: "Save the last dance". Suksessførestillinga frå Hordaland kjem hit. 28. mai: Jon Olav Nilsen, fjorårets gjennombrotsband + Lars Vaular på torget 29. mai: Knutsen og Ludvigsen spelar opp til konsert for heile familien. Håvard Lothe Band blir med og cowerbandet A/ZZ blir òg med på konserten på torget. Desse konsertane er i samband med næringslivsmessa 5. juni: Korfest. Alle kora i byen går saman om ein kjempekorsfest på scena i samfunnshuset + "geriljakor" i byen tidlegare på dagen. 18. -19. juni: Musikkfesten til Rockeklubben på Haavbua og under Sildebordet. Mange toppband som vanleg. 9. juli: DDE!! The Saw Doctors frå Irland under FotballFlora. 10. juli: The Blacksheeps Grand Prix Junior-bandet frå 2008. The Commitments med Andrew Strong, også frå Irland og The Betales, suksessorkester frå tidlegare FotballFlora spelar òg opp.
Og så kjem hausten med Sommarevy og konsert under Fjordsteam, konsert under Eikefjorddagane osv…
|