|
No kjem det offisielle jubileumsprogrammet i alle postkassar i Flora, og etterkvart blir det sendt ut og delt ut til alle som vil ta i mot i fylket og landet. Dette er eit fint og fargerikt program som presenterer ei liste over alle arrangement så langt som dei var registrerte i slutten av januar. Du finn ei grundig omtale av dei fleste av dei større arrangementa: utstillingane, konsertane, musikalane, revyane og teaterframsyningane, storhelga 13.-16. mai, næringslivsmessa, barnas jubileumsfest, kystfestivalen, FotballFlora, Fjordsteam osv.
I tillegg er det stoff om historia og bakgrunnen for at byen vart lagt her, og anna interessant stoff. Det har blitt eit flott hefte som folk må ta vare på heile året, sjølv om programlista òg ligg på www.flora150.no - og nye arrangement heile tida blir registrerte der. Elles ligg heftet ute på Tenestetorget for dei som vil ha fleire for å sende til vener og kjenningar, evt. kan de sende melding til
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen
.
Heftet må ligge sentralt framme i alle heimar og på alle kontor, og er det Florøfolk som skal ut å reise for å treffe andre folk, er det berre å hente med seg ein bunke! Heftet kan òg lastast ned i pdf-format på nedlastingssida vår.

|