S og F Sparebank


jubileumsprodukt-web
August 2010 September 2010 Oktober 2010
Ma Ti On To Fr
1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29 30
facebook
”Da Sogn og Fjordane fikk sin første og eneste by”

Magnus Thingnes skreiv ein lang artikkel i Firda Folkeblad i jubileumsåret 1960, og vi tar med ein del frå den artikkelen som rissar opp bakgrunnen for at byen vart til. Magnus Thingnes, som òg skreiv jubileumsboka i 1960, gjev ikkje minst æra for dette til soknepresten i Kinn, stortingsmann Hans Blom. ”Når Florø ble grunnlagt, er det først og fremst hans verk”. Han skriv òg at ”En svakere personlighet ville sikkert ha bøyet av mot den motstand og personlige angrep han møtte, særlig fra Bergenskjøpmenn både i Stortinget og i avisene.”

diriks 1865

I artikkelen er det sitert mykje frå stortingskommisjonen som utgreidde behovet for ein by på kysten, og kommisjonen feller ein knusande dom over korleis handelsstaden i Bergen har oppført seg overfor befolkninga i Sogn og Fjordane. Fylket kan ikkje vere tent med å stå i ”samme abnorme Avhængighedsforhold til sin Kjøbstad som tidligere”. Det høyrer med til historia at handelsforneininga i Bergen kom med skarp protest mot at ein ny by skulle opprettast.  Thingnes skriv elles i innleiinga til sin lange artikkel at dei som meinte at Florø ikkje hadde nokon grunn til å feire sitt 100-årsjubileum ”må være temmelig surmavet… eller slett ikke kjenner byens historie”.

Last ned artikkelutdraget i PDF format her